Reguleringsplan for Finntøpplie. Kunngjering av vedtak
Kommunestyret vedtok i sak 29/21 den 29.04.2021 reguleringsplan for Finntøpplie. Planvedtaket kan påklagast. Klagefrist er 28. mai 2021.
Føremålet med planen er å leggje til rette for ny busetnad for fritids‐ og turistføremål og planfri kryssing av Finntøppvegen (skibru). Dei føreslåtte byggeområder ligg i tilknytting til eksisterande utbyggingsområde og vurderast som komplementering langs Finntøppvegen. Teknisk infrastruktur ‐ veg, vatn, avløp og straum ‐ er etablert fram til og dels gjennom planområdet. Det planlagde utbyggingsområdet grensar til Grønn 1 og får umiddelbar ski‐inn/ut til skiløyper vinterstid og turnettet sommarstid. Lysløypa frå sentrum til Skistadion vil få ny trasé og kryssar gjennom planområdet i ei sløyfa sør for Haugsynlie. Det er lagt vekt på at ny busetnad skal få ein effektiv arealbruk, men samstundes begrensast i høgda slik at busetnaden harmonerer i volum med hyttene nord for Finntøppvegen. Utbygginga skal utformast slik at det avgrensar fjernverknad til omgivnadene.
Plankart finner dere nedenfor.
Torsdag 06/05/21 Administrator